Natt til den store happeningen som vi hadde venta så lenge på var det lite søvn, vi hadde køyrt heile kvelden og var framme på området ganske seint.
Folk var allereie samla rundt inngangspartiet klokka 03:00 og stod der fint og venta til sola stod opp og enda lenger. Sjølv tok vi ein liten lur i bilen, så langt som det var mogleg i den vesle golfen. Rundt åtte tok motet til oss og bar med oss bagasjen og stilte oss i ein varm, lang og sinnsjukt plagsom kø. Halv tolv var vi inne – då hadde eg ikkje teke av meg backpackersekken ein einaste gong og var klar for å dø av svette og stive skuldrar som skreik etter massage. Men det tok ikkje lang tid før festivalstemninga reiv i meg etter å sjå fleirfoldige glade menneske som allereie hadde sett opp telta sine og var klare for festivalens sju dagar.
Gleda var stor då alle var samla på campen og alle telta sett opp. Vi var så heldige å ha eit stort millitærtelt på campen vår – som vi kunne søke ly i om det vart for kaldt eller vått. Denne gleda delte vi med to i frå Oslo som viste seg å vere to herlige kara som ikkje kunne ha gått betre over eins med dei på campen vår. Etter ein dag var det som om vi hadde kjendt kvarandre for alltid, og etter nesten ei veke kunne ikkje ein av dei på campen forstå at vi faktisk aldri hadde møtt desse to karane før søndagen då festivalen starta.
Det tok ikkje lang tid før regnet slo inn, vi var førebudde på regnveir, men ikkje eit slikt ragnarock av eit regnveir… Då vi kom heim frå Bjørk og the Killers-konserten (som for øvrig gav meg ei heilt fantastisk konsertoppleving; Hjartet pumpa som aldri før, fotane klarte ikkje stå stille, stemma måtte berre synge med og smilet slutta aldri å strekke seg så langt det kunne, gledesrusen kribla kroppen min som om eg skulle ha vore nyforelska og hendene mine gjekk automatisk i veiret med noko som kunne minne om dansande miner) fann eg liggeunderlaget mitt gjennombløtt, teppet og soveposen som skulle halde meg varm og god kunne eg vri og samle opp nok vatn til ein brønn i Afrika. Pressenningen og partyteltet vi hadde lagt over taket var blåst vekk for lenge sidan og eg kunne knapt sjå igjen den kvite plastikken.
Banneord eg ikkje visste at eg kunne kom som eit brøl ut av munnen min og fortvilinga var enorm. Eg stod omlag i ti minutt, heilt paralysert utanfor teltet mitt og ropte og skreik, men plutselig såg eg eit lite lys inne i teltet mitt. Eg hadde ein pose med piratos! Den var tørr, pakka godt inn i plastikk. Denne posen kom godt med, den fekk vere med inn i millitærteltet og var min sjelevenn dei minutta eg var lengst nede på heile festival. Han hjalp meg gjennom tjukt og tynt, fekk meg på beina igjen – og motet tilbake. Han hjalp meg med å finne eit alternativt telt og ei tørr madrass og sovepose å sove i. – You wan’t a piratos? It’ really good… –Yes, thank you, you wanna seek some warm in a nice and tidy tent? –Yes, please.
Dagen etterpå tok mi kjære Heidi og eg inn på hotell – det hadde slutta å regne, men vi trengte likevel ei natt å komme oss på, der vi kunne bli tørre og ligge på reine, kvite laken med varme dyner over oss medan liggeunderlaga og soveposane tørka for natta.
Då vi kom tilbake var eg meir enn klar for konsert-Roskilde. Herlige konsertar: Arctic Monkeys, Muse, The Who, Basement Jaxx, Queens of the Stone Age, Flaming Lips, Datarock, Wilco, Dj Kålhovud og Justice osv. Av alle desse var nok Basement Jaxx og The Killers mine favorittar, og ja, ARCTIC MONKEYS! Steik for ei herlig blanding! Men EIN konsert skuffa meg noko så vanvittig, Red Hot Chili Peppers. Aldri før har eg følt meg så besviken som akkurat dei timane dei stod på scena. Større passitivitet skal du leite lenge etter! Under heile konserten har eg aldri sett så få la seg rive med. Eg kunne ikkje sjå ein einaste ein som rørte seg i takt med musikken, men derimot gjekk på i rein demonstrasjon. Eg vart kvalm og tenkte mange stygge tankar om RHCP (som eg forøvrig er stor fan av) som ikkje høve seg på internett. (sukk)
Når eg no er heime og ser på bilete frå Roskildefestivalen og folk spør meg korleis eg hadde det, då er det eit ord som dukkar opp i hovudet mitt; FANTASTISK! Trass det stygget veiret har eg logra med halen kvar einaste dag og fått vondt i magen av å le så hardt at eg ikkje kunne stoppe. Munnen min har fått krampe fleire gonger og tenkt; NO orka eg ikkje å smile meir, det gjer så vondt! Det har vore så utrulig mange gode minner og kjekke folk å bli kjendt med der nede – eg ville aldri ha gått glipp av dette om eg så måtte ha gjort noko totalt umogleg for meg for å vere der. No skal eg nyte at eg snart er frisk frå festivalen sine påkjenningar og glede meg over om berre fem månadar kan eg kjøpe neste billett til Roskildefestivalen 2008.
Nesten ferdig med heimesida...
Madrugada - terningast 4