20. januar reiste vi, Ina-Mari, Heidi og eg til Los Angeles. Dette var starten på fire månadar i rein ekstase. Vi hadde tre dagar i L.A der vi var super-turistar. Vi tok for oss Walk of Fame, Universal Studios, sjekka ut Venice Beach og hadde det så kjekt i Disneyland at i alle fall to av oss fall gledestårer.




Etter dette var det to herlege veker i Fiji som venta oss. Den første veka var full av sol og latter, glede, kava, snorkling og ha-det-bra-øy-sangar under øyhoppinga. Her fekk vi oppleve ein orkan, noko som var veldig fascinerande. Menneska på øyane svømte ut til varebåtane for å skaffe suppleringar til oss (krevande) gjester… I say no more. 27. januar slutta eg å røyke, etter ein tur dagen derpå som var meget krevande til Fiji sitt høgaste utsiktspunkt. Vi deltok i krabbe-veddemål, og krasja på øya der “Cast Away” vart spelt inn. Havet var krystallklart og fantastisk vakkert. Akkurat slik som i annonsene som ein ser på internett når det er mørkt og kaldt ute… Ina-Mari og eg tok også turen under vatn der vi fekk sjå vår første skilpadde live. På Fiji var det like store flaggermus som elefantar også fekk eg vere med på det lokale volleyball-laget, der eg fikk vist kor dårleg eg var i volleyball, men likevel teken inn i varmen som den kvite, dårlege jenta eg var.






New Zealand var neste destinasjon. Der skulle eg endeleg få møte min gode ven Karl igjen, som eg hadde blitt kjend med på Roskilde i 2007. Vi hadde base i leiligheta hans og sambuaren, Marc. Det første eg tenkte om New Zealand var at “hei, her var det vakkert!”. Første kvelden fekk vi sjå den lenge omtalte Black-sand-beachen i Raglan, noko som var veldig stort for oss. I dette landet var det nok mest adrenalin-action! Vi testa ut noko som heiter Zwoop, Zorb, hoppa i fallskjerm og for på grotte-rafting. Herleg. Vi trudde vi skulle forlate New Zealand i tide, men her klarte vi å forsove oss. Dette enda i ymse humør og litt klikkings på ein super-frekk bussjåfør som ville gni hjortesalt i såra våre. Då vi klarte å forsove oss, tok vi oss nokon dagar ekstra hos Karl.






I Sidney møtte vi nokon Stryne-jenter i Sidney som vi kosa oss mykje med. Vi leigde campervan og budde i den samtidig som vi lata som om vi budde på hostellet til Stryne-jentene, då vi kunne bruke dusjen og andre fasilitetar der. Vi såg sjølvsagt på Operahuset, vandra i den botaniske hagen, var på minus fem-bar, og fekk testa ut fest-skillsa til Australianerane. Det var ikkje dårleg. Vi var innom akvariet, hadde people-watching på Bondi-beach og åt grillmat på sjømannskyrkja der vi hamstra inn Toro-produkt og åt vaffler. Det var også ein heil del seriøs shopping i Sidney. Ein aldeles brilliant storby. På stranda der Home And Away vart spelt inn, forlot Heidi oss, og Ina-Mari og eg tok til på camper-van-livet. FANTASTISK.




Campervanlivet var heilt utruleg. Eg får tårer i augene når eg skal prøve å gjenfortelle livet i camper-vanen, men får heller ta det i stikkordsform så folk rundt meg ikkje trur eg er psykisk forstyrra. - Frukost med leikande delfinar som utsikt - Frukost med kenguruar som klør seg på magen som utsikt - Frukost med gamle australske menn som har på seg kanin-kostymet og samlar inn pengar langs vegen som utsikt - Kunne stoppe på dei vakraste stadane i verda , som du ikkje finn i ei reisebok, og nyte livet som aldri før Vi hadde ein og ein halv månad i Australia, noko som eg meiner er ALTFOR lite. Vi kosa oss så mykje at det var nesten umogleg å sitte stille på grunn av at halane våre var i konstant logring. I New Castle møtte vi tilfeldigvis ei Strynejente på stranda og gjekk ut og åt middag med ho og medstudentane hennar. Litt lenger nord var vi på Koala-sjukehus.





I Byron Bay fekk vi nok ein gong oppleve Australia sitt ultimate party-liv. Vi var også innom Nimbin, den “alternative” byen der folk framleis lev slik som dei gjorde på 70-talet i fin hippie-stil. I Surfers Paradise var det badeland og karusellar som var hovudattraksjonen, og Ina-Mari overtalte meg til å vere med i ein heilt RÅ karusell som eg ikkje turde å ta meir enn den eine gongen. I Noosa fekk vi oppleve fleire rundkøyringar enn nokon gong. I Brisbane kosa vi oss på St.Patricks-day, var på Andy Warhol museum og tømte kroppen for tårer på kino der vi såg Bucket-list. Vi feira påske på ingefær-fabrikk og åt ostekake på stranda i Harvey Bay.


Vi forelska oss også i seks meksikanerar som vi delte bil med på Fraser Island, der vi hadde the TIME OF OUR LIFE. Vi campa i villmarka, grilla, festa, sang og leika. Det var ein campingtur eg aldri kjem til å gløyme! Loved it. Lenger nord var vi i Airlie Beach før vi var på segletur til Whitsundays og hadde nokon fantastiske snorkle-opplevingar der vi fekk sett store skilpadder, klovnefisk og vakre korallar. Vi fekk også smake heimelaga ananas-is. Vi var på highwayen og fekk oppleve nervene av å NESTEN gå heilt tom for bensin. Vi hadde omlag tre liter igjen på tanken, midt i “ørkenen”, då vi ENDELEG fann ein bensinstasjon. Puh! Vi var på krokodillefarm og fekk møte ei krokodille som hadde ete opp ein engelsk backpacker. Også fekk vi forelske oss i kenguruar. Det var kjærleik ved første blikk.






I Cairns fekk vi oppleve livet under vatn igjen der vi dykka i Great Barrier Reef. Det var heilt sjukt bra. I Cairns lærte vi oss også litt japanesisk, og slappa av ved lagunen som var eit lite paradis i seg sjølv. Her trudde vi også vi skulle forlate eit land uproblematisk, men ei sur dame i skranken ordna det for oss slik at vi måtte ty til nye flybillettar. Den dagen mista eg passet og fekk det igjen på under ein time.


Etter å ha landa i Singapore og sjekka inn hos ein skummel, skummel mann, sove der ei natt, og sett oss litt rundt, var det ein lang tog-tur til Kuala Lumpur som venta oss. Der hadde vi kjempeflaks og kom rett på ein buss som tok oss vidare til Thailand, Hatyai. Dit kom vi midt under feiringa av nyttåret. Og der var det ungar, vaksne og gamle mennesker med vanngevær over alt! Vi som turistar var i eit populært mål, så vi var klisj før vi kom oss inn i ein minibuss og vart tekne vidare til Krabi - for så å ta båten over til Phi Phi, der vi skulle besøke Heidi. Phi Phi var fint, men det var nok den plassen i verden der det var flest svenskar på ein stad - bortsett frå i Sverige då. Menyane var på svensk. For min del fekk eg inntrykket av at det var Sverige 2, med kjøttbullar og svenskeflagg, men det var vakkert når ein kom seg litt ut. Også kan ein jo heller ikkje klage på festinga som Phi Phi kan tilby… Buckets. Vi tok oss ein dag med longtailbåt og for ut til den stranda der The Beach hadde blitt spelt inn. Det var veldig fint der, men kunne ønskje vi hadde reist dit for ti år sidan, slik at det ikkje var fullt av turistar og speedbåtar og alt det som ikkje burde vere der… Men vi møtte apekattar og hadde ei herlig økt med snorkling!



Etter at våre dagar på Phi Phi var over, måtte vi ta farvel med Heidi og reise vidare til Bangkok, vi skulle ta oss til Laos der i frå. Vi heiv oss på ein buss som skulle ta oss til grensa. Det gjekk nokon lunde utan turbulens, men vi var ikkje klar over at vi måtte ha med oss cash - så vi hadde LITT problem ved grensa og måtte stå i endelause køar før vi kunne sette oss tilbake på bussen og slappe av til vi var vel framme. Då vi kom fram til det nye landet, Laos, sjekka vi inn på eit sjarmerande hostell som kunne minne om eit lite skur, og åt ein betre frukost. I Laos var det vakkert. Aldeles vakkert. I dette landet fekk vi oppleve å vere totalt ukjendt. Vi snakka ikkje same språk i det heile, veeeeldig få kunne engelsk. Vi måtte mime mykje, peike og ikkje minst teikne litt her og der for å få kommunisert nok til å komme oss frå A til B. Vi såg fleire vakre tempel, fikk køyre tuk-tuk, var på tubing nedover ei elv i Vang Viang der det var bar på bar på bar, vi klatra på “limestone”, køyrte buss som inneheldt både motorsyklar, mennesker og dyr. Vi var på delfinsafari og budde i bungalows. Vi fekk møte dei mest imøtekommande menneska nokon gong, som hadde minst å tilby, men baud oss mest. Sykkeltur i solnedgong og whiskey før klokka var tolv på formiddagen.







På veg frå Laos til Vietnam hadde vi ein tur eg seint kjem til å gløyme. Vi køyrde buss i over 50 timar, og første delen var vi i ein varebuss som lukta heilt utrulig fælt. Det første som møtte meg då eg kom inni bussen var ei dame som slo til meg fordi eg hadde sett meg på feil sete. Hoihoi! Då vi kom over grensa til Vietnam fann vi ut til vår store fortviling at bussen ikkje skulle lenger (dette vart oppdaga ved miming, då ingen kunne engelsk), og enda opp med at vi haika(!) frå Hue til Da Nang. Ein hyggelig fyr køyrte oss til togstasjonen, derifrå for vi i hu og hast til ein busstasjon som hadde bussavgang til Saigon (Ho Chi Minh), men vi hadde ikkje cash og heller ikkje tid. Eg måtte kaste meg på ein moped som fekk køyrt meg til ein minibank, og tok ut masse, masse pengar. Vi rakk bussen på sekundet. Å komme inn på denne bussen var rein luksus. Der var puter, tepper, tannkrem, vatn, tannkost og våtserviettar… Dette skulle bli ein fantastisk kort, men behageleg busstur på 8 I Ho Chi Minh var vi innom Chu Chi Chunnels og deretter på krigsmuseet - noko som var ei sår oppleving.

Ho Chi Minh var det omlag fire millionar mopedar (heilt sant), og vi trudde av og til at vi skulle dø når vi kryssa vegen - men det gjekk tydeligvis bra. Etter eit par dagar der tok vi turen vidare til Nha Trang der vi naut livet på beachen. Der var det fantastiske strender. Her for vi på ein båttur der det var herlig sjømat ombord, snorkling, “husband” og “sjøbar”… Vi avslutta opphaldet vårt i Nha Trang med ein dag på gjørme-spa!




Neste destinasjon var Hoi An - der gjekk dei fleste dagane med på intens shopping. Her fekk vi sydd våre eigne jakker, bukser, dressar, kjolar, skjorter og alt som måtte til… Då vi kom oss til Nord-Vietnam, slo vi oss i hop med to australske karar og sjekka inn på eit bra hostell. Vi vandra rundt og sjekka ut marknadar, åt ein herlig frukost og fekk opplevd Hanoi på nattestid. Ina-Mari og eg, som dei svoltne nordmennene vi var, fekk vi ein lokal fyr til å køyre oss til ein stad der vi kunne ete nattmat (alt dette vert kommunisert via miming). Vi enda opp ut på gata, saman med ein gjeng lokale som baud oss på whiskey og nuddelsuppe! Dagen etter var vi på “water-puppet-show”! Det var ei heilt ny form for teater for min del, vart fascinert. Dagen etter tok vi turen til fantastiske Halong Bay. Der var det sjukt vakkert. Vi enda opp på ein båt med 40-50-åringar, noko som faktisk var ganske så koselig.




Siste destinasjonen på den 4 månadar lange turen vår var Hong Kong. Ein by som var overveldande på alle måtar. Vi budde på eit gjestehus i 11. etage der det så vidt var plass til sekkane våre på rommet. Dagane brukte vi langs gatene, det var utrulig mykje å sjå! Hong Kong er perfekt for people-watching og det var byen der omlag samtlege var teken rett ut i frå ein motekatalog. Her feira vi 17.mai, shoppa, såg på den fantastiske Harbour-utsikta, åt Dim Sum… Etter 4 mnd på tur skulle ein kanskje ha gleda seg litt til å komme heim, men for oss var det klump i halsen så det holdt. Vi hadde ikkje lyst heim og hadde det vore opp til oss så hadde vi glatt reist i 4 mnd… Hadde vi berre hatt ein sponsor! Vi for på flyplassen i god tid før flyet skulle ta av (rundt 1-tida på natta, flyet skulle ta av klokka 8 ca.) Gjett kven som klarte å forsove seg!! Jau, det gjorde vi! Vi vakna eit kvarter etter at innsjekkinga hadde blitt avslutta. Men flaks som vi hadde kom nokon og hjalp oss i hu og hast til flyet, kom gjennom alle køane fort som f - var nesten litt sånn V.I.P feeling… Vi var forkava og letta på flyet då vi endeleg fekk satt oss ned, men nok ein diger klump samla seg opp. Dette hadde verkeleg vore “the time of my life”.




Nesten ferdig med heimesida...
Madrugada - terningast 4