av Birgit Mikalsen Nedreberg
Det går ikkje ein dag utan at eg ser folk rundt meg med mobiltelefonen sin opp mot øyret, eller med hendene på fanget som tastar hurtig ein beskjed til kven det no måtte vere. Mobiltelefonen har endra seg frå praktisk bruksfunksjon til å bli meir som ein del av personlegdomen og evt. som ein kroppsdel eller ei forlenging av kroppen. Kva er det som gjer mobiltelefonen til eit personleg medium? Har mobiltelefon skapt ei individuell og sosial endring blant oss? Korleis har mobiltelefonen påverka det offentlege og private rom?
I dette essayet fokuserer eg på mobiltelefon som samfunnsfenomen og kommunikasjonsreiskap. At mobiltelefonen har innteke ein posisjon, både på individ og systemnivå, utover den reint kommunikative funksjonen kan synast sannsynleg.
Det gjeld m.a. denne reiskapen som individuell identitetsberar og som strukturpåverkande samfunnsinnslag. Desse to forholda blir eksemplifiserte til ettertanke nedanfor.
Fra 1993 til 2000 slo mobiltelefoni gjennom i Norge. Denne prosessen gjekk, samalikna med tidlegare medie, svært kjapt og med stort omfang. GSM-telefonen brukte sju år på å få 3 millionar mobilabonnentar – eit nivå som vart oppnådd i 1999/2000. Det var konkurransen mellom NetCom og Telenor frå 1993 som var motoren i å drive salet opp, og med hyppige prisreduksjonar. (Bastiansen, Dahl, 2001:519, og Bastiansen, 2006:117) Slike prisreduksjonar gjorde at svært mange fekk råd til mobiltelefon. I følge Bastiansen stod det i Alta-avisa i mai 2003: "En gang var det bare de rike som hadde råd til mobiltelefon… Men det var i gamle dager, før konkurransen endret scenen og Telenor og NetCom begynte å gi bort de små kimende apparatene." (Bastiansen 2006:117)
Mobiltelefonen sin funksjon kom etter kvart til å strekke seg langt utover praktisk bruk som vanleg kommunikasjonsmiddel. Rytma og pulsen i det sosiale livet vart påverka. Store delar av det norske folk innleia millenniumskfitet 1999/2000 med helsingar til kvarandre i form av sms-meldingar: Den første timen i det nye året – altså 1.januar 2000 – vart det i Norge sendt 150 tekstmeldingar i sekundet, til saman 540 000 tekstmeldingar, i følge informasjonsdirektøren i Telenor Mobil, Elisabeth H. Gjøme. (Bastiansen, 2006:136)
Ein kan høyre mobil-pipa over alt, på buss og trikk, på kino og kaféar, under vigselseremoniar og i gravferder. Vårt land konstanterte allereie i april i 1999, i følge Bastiansen, at når annan kvar nordmann no hadde mobiltelefon, var eit av resultata at gravferder og gudstenester vart forstyrra av "iltre mobil-pip". Det hende òg at det midt under gravferdsseremonien i kyrkja plutseleg ringde under prestekjolen. Presten måtte forlate alteret og få slått av mobilen i eit anna rom. Deretter kom han tilbake, beklaga seg og vende tilbake til seremonien. (Bastiansen, 2006:137)
Per Arne Dahl reflekterer også over dette at vi vert vitne til andre sine privatsamtaler i offentleg rom. Ein vakker sommarkveld på uterestaurant i Stavern starta brått ein serie av høglydde mobilsamtaler ved nabobordet. Ufrivilleg vart Dahl eksponert for ei forstyrrande samtale som han gjerne ville vere forutan i det offentlege rom. Han konkluderer slik: "Det er ikke bare spillavhengighet og rusavhengighet som er vår utfordring. Vi er i ferd med å bli fanget av mobilismen… Mobiltelefonen er i ferd med å ta så stor plass og bli så betydningsfull for folk flest at vi knapt aner konsekvensene av den livsstilen som i løpet av få år er blitt vår." (Bastiansen 2006:140)
Det kan synast noko paradoksalt at mobiltelefon no for så vidt er felles bruksgjenstand for kommunikasjon. Samtidig gjer personleg val av utskiftbare deksel, ringetonar, kontantkort, nummerlister og tenester, at kvar og ein av oss kan tilpasse sin modell etter individuelle behov og eigen smak. (Bastiansen, 2006:142) Ei slik tilpassing har ført til at mobiltelefonen kan sjåast som ein individuelt profilert, og profilerande, gjenstand. Dvs. at denne tekniske innretninga kan forståast og brukast medialt for vår personlegdom og fungere som eit personleg uttrykk for individuelt særpreg. Samtidig kan og mobiltelefonen visualisere eit personleg image. Slik sett ikkje nødvendigvis uttrykk for berre kven ein person faktisk er, men like mykje som signal om korleis den enkelte har lyst til å vere.
I same samanheng kan det også nemnast at studiar av mobilbruk gjerne seier noko om brukaren sine individuelle psykologiske disposisjonar. I juli 1998 skreiv kulturredaktøren Per Anders Madsen at " - - snarere dreier det seg om separasjonsangst, telefonen er blitt halmstrået å klynge seg til for alle som ikke klarer seg alene, som alltid trenger andres stemmer for å få bekreftet sin eksistens. Med den lille bærbare kan du ha din identitet på innerlommen." (Bastiansen 2006:142)
Mobiltelefonen kan analyserast som eit av dei fremste døma på 1990-talet sine nye medieformer: Dei personlege media. I eit intervju i Aftenposten, 23.mars 1998, uttalte produktsjefen i Ericsson, Sindre Stør, at bruksområda ville auke frå tale og dataoverføring, til eit vidt spekter av tenester. Dette ville bringe utviklinga mot meir personlege telefonar, som ville vere enkle å bruke og med anledning til utvida menyar som skulle kunne tilpassast den enkelte brukaren sitt behov.
No kan ein bruke mobiltelefonen som ei personleg dagbok, der ein kan lagre personlege meldingar, bilete, kodar til for dømes visa-kortet, telefonbanken og andre ting. Ein kan bruke mobiltelefonen til å laste pengar frå banken til mobilen og bruke den til å betale kinobillettar utan bruk av andre ledd. Dagbladet trykte i mars 1999 ein stor test av mobiltelefonar og brukte overskrifta "Noen som passer for meg?" – altså ei henvisning til avisa si kontaktannonsespalte, noko av det mest personlege som finst av avisinnlegg. (Bastiansen 2006:142)
I juni 2006 vart det trykt eit innlegg av ein 16-åring i Si;D-spalta i Aftenposten, som var eit godt døme på kor personleg mobiltelefonen er blitt:
Ingen ting kommer nærmere og tettere innpå oss. Den ligger inntil låret i bukselomma og kjenner kroppsvarmen vår. … Stadig vekk kjærtegner vi den på de ømfintlige og sarte tastene, og om natten ligger den trofast ved siden av oss på nattbordet. … Mobilen skal behandles intimt. Den er blitt en del av oss selv. En forlengelse! Og vårt mest følsomme og sårbare kroppsdel. Vår identitet. Jeg tør si den er en slags personlighet også. ( ---- ) Så fort ingen ringer oss eller vil ha kontakt med oss, blir vi usikre på oss selv. Ingen liker meg, ingen vil snakke med meg… Og slik sjekker vi mobilen vår hele tiden. Vi greier simpelthen ikke å slippe den av syne. Mobilen styrer hverdagen vår. (Bastiansen 2006:147)
Når mobilbrukaren, slik som her, reknar mobiltelefonen som ein del av sin eigen kropp, vil eg anta at eit produkt som er industriskapt knapt kan bli meir personleg.
Etnologen Truls Erik Johnsen understreka same oppfatning i eit intervju i Aftenposten, januar 2001, slik: "Mobilen har blitt en forlengelse av kroppen for de unge. Den er på 24 timer i døgnet, og er alltid med dem. Den er som en ny sans. Uten den føler de seg isolert. Å glemme den hjemme, opplever de nesten som å bli døve." Han peikte også på at den intense mobilbruken blant ungdom hadde begynt å påverke tidsoppfatninga deira:
...De er vant til ideen om at vi hele tiden skal fylle dagen med innhold. Tidshullene, som for eksempel tiden når man sitter på bussen, eller går til trening, er nå fylt igjen av gjøremål i form av mobilkommunikasjon. (Bastiansen, 2006:154)
Vi ser også stadige døme på at avtaler har blitt lettare å utsette, og kanskje å bryte, enn før. Med ein mobiltelefon er det lett å ta kontakt med den ein har avtalt møtet med, og skrive ei kort melding om at det ikkje passar, eller at ein vert forsinka på grunn av at "det og det" har dukka opp i mellom tida. "Det er ikke lenger så nøye om vi kommer for seint. Det er bare å sende en unnskyldende tekstmelding til den som venter", sier mobilforsker Hege Nordli til forskning.no. (www.dinside.no)
I min sosiale omgangskrets har eg observert at også besøkskulturen har endra seg. Det er ikkje lenge sidan vi gjekk på besøk og ringde på døra utan nokon vidare avtale, men no verkar som om mobilen har skapt eit klima der vi alltid må ringe først, eller bekrefte på sms om vedkommande er heime, før ein tek steget ut av døra.
Forskning viser at bilen og mobilen har gjort det lettare å sjonglere arbeid, fritidsaktivitetar, kvardagsoppgåver og mellommenneskleg kontakt i moderne familiar si organisering. Ei effekt er at vi planlegg mindre og tek meir på sparket, viser prosjektetet om virtuell og fysisk mobilitet i barnefamiliar si organisering av kvardagslivet (Hjorthol m.fl 2005). Dette prosjektet omfatta familiar der alle bur saman, og familiar der foreldre bur kvar for seg, men samarbeider om ungane.. I den sambuande familien viser det seg at familiemedlemmane både ringer kvarandre mykje i løp av ein dag og benyttar seg av ein heil del mikrokoordinering, som å avtale kva ein skal ha til middag, eller om der står fløyte i kjøleskapet eller ikkje. Dette ved hjelp av korte mobilsamtaler eller sms. Årsaka til at ein planlegg så lite er at ein har meir kommunikasjonstilgang til kvarandre. Forskninga kan også vise at auka tilgang på at mobiltelefon opnar for meir spontanitet, noko som kan sjå ut til å resultere i meir bilbruk.
I undersøkinga vart også "samlivsbruddmobilen" som ein far kalla det, nemnt. Mobilen har ungen fått for å oppretthalde kontakt og for at den eine foresatte skal kunne vere til stades i barnet sitt liv når ein er fysisk skilt frå kvarandre, og utan å måtte gå gjennom den private sfæra til ekspartnaren. Tendensane i undersøkinga viste at dei som ringde til "samlivsbruddmobilen" hadde langt meir private, eller kjenslemessig innhald enn dei som har ungane sine buande heime med seg – og ser dei jamt. Noko som også viste seg i dette prosjektet var korleis mobiltelefonen sin eksistens både kunne skape tryggleik og uro på same tid:
Kvinne 36: … Vanligvis så ringer jeg hvis det blir senere enn han har sagt, eller for å se hvor han er. Så er det for å berolige meg, for jeg har problemer med å sovne før jeg vet at han har det bra, liksom. (Sambuande familie med to barn på 4 og 6 år) (Hjorthol, Hovland Jakobsen, Nordbakke og Ling, 2007:129)
Mannen: Ja, at den ikke er på, eller den er på lydløs.…
Kvinna: … Og jeg ringte jo seks ganger uten å få svar. Og jeg tenkte at dette kan ikke være riktig, for hun skulle jo være hos frisøren kl 2, og så tenkte jeg at tenk om noe har skjedd på vei hjem..…Men så ringte jeg til en annens en venninnes mobil da, men da hadde d vært og pynta i gymsalen og da har de ikke lov å ha mobilen på. …Så de gir deg et sånt stressymptom noen ganger da som ikke er sunt, særlig når de er ute om kveldene og i helgene. (Hjorthol, Hovland Jakobsen, Nordbakke og Ling, 2007:129).
For veldig mange har mobiltelefonen ført til bekjentskap som kanskje ikkje ville skjedd i "gamle dagar" då fast-telefon var kommunikasjonsmiddelet ein måtte ta i bruk for å kontakte den eventuelle "flørtepartnaren". Ein fasttelefon er felles for dei som bur i heimen, når ein ringer dit kan ein ikkje vite kven av husstanden sine medlemmar som kjem til å ta telefonen. Dette er ein av dei største forskjellane mellom ein hustelefon og ein mobiltelefon. Med ei mobilsamtale når vi den personen vi ønskjer, og vanlegvis ikkje andre. Dette gjeld også tekstmeldingar. No kan ein sende meldingar direkte til den ein er interesserte i, noko som gjer det mykje lettare å skape kontakt med vedkommande enn før. På vg.no kan ein lese ein artikkel frå 2001 om "Norges første SMS-barn":
Per Espen Vik (29) fra Austevoll i Hordaland sendte tekstmeldingen "Kem e du? Kor kommer du frå?" til et ukjent nummer. I andre enden svarte Edith Rivenes (20) fra Osterøy. Sammen har de fått Norges første SMS-barn. (http://www.vg.no/nyheter/)
I denne saka førte mobiltelefonen både til barn og bryllaup. Det ser eg som døme på eit sterkt personleg resultat av mobiltelefonisk kontakt. Når det gjeld kjærleik er denne saka eit døme som viser for ei positiv rolle mobiltelefonen har spelt.
Men det finst også dømer der mobiltelefonen avslører utroskap, og om ikkje utroskap, så kan den skape unødig sjalusi og uro ovanfor partnaren. På vg.no kunne Dag Henrik Berggrav ved familievernkontoret i Tromsø fortelje at tekstmeldingar er den vanlegaste måten å avsløre eller oppdage utroskap på. Han ser heller ikkje vekk i frå at det også bidreg til fleire skilsmisser. "Folk blir lettere tilgjengelig når de har en privat mobil. Mobilen kan bli et tilleggsproblem for par, og kan i verste fall føre til skilsmisser," seier Berggrav.(www.vg.no/nyheter/)
I den same artikkelen kan vi lese at familieterapauten Vibeke Bonne Øyri i Oslo også koblar kombinasjonen tekstmeldingar og utroskap. Ho har hatt folk i terapi som har fått bekrefta mistanke om utroskap ved å sjekke partnaren sin mobiltelefon: " De kan ha en følelse av at det er noe, de sjekker mobilen og får det bekreftet. De kan finne en heftig melding som er så tydelig at partneren må bekrefte det når de blir konfrontert med den," sier familieterapeuten. (www.vg.no/nyheter/)
Eit anna tema som har vore omdiskutert i avisene er korleis vi kan bli overvåka ved hjelp av mobiltelefonen. Den første tida med GSM-telefonar vart det sagt at denne telefonen var umogleg å avlytte. Difor vakte det oppsikt då det viste seg at det var feil. "GSM-telefonene kan avlyttes!", erklærte Arbeiderbladet i august 1995. Fleire artiklar følgde og Stavanger Aftenblad skreiv at "Storebror ser alle med GSM-telefon." GSM-signala gjorde at politiet til kvar ei tid "kan følge dine bevegelser med et par hundre meters nøyaktighet." (Bastiansen, 2006:119)
Etter kvart er det i større grad mogleg for kven som helst å overvåke kvarandre. På internett kan ein finne forskjellege "spionprogram" som ein kan kjøpe direkte og bruke til å overvåke kven ein vil, så lenge ein har tilgang til vedkommande sin telefon vel å merke. Med eit slikt program kan ein få tilsendt både utgåande og inngåande tekstmeldingar til pc’en sin, i tillegg til å samle innhaldet frå kontaktlista og loggføre alle inngåande og utgåande samtaler.
Ei anna form for overvåking er bruk av GPS (www.mobilen.no) For nokon kan dette vere praktisk nyttig, t.d. føresette som vil halde styring på kvar borna deira er. Denne tenesta er også praktisk for dei som blir fråstolne mobilen sin, og dermed kan oppspore den igjen om dette er ønskjeleg. Det må også vere betryggande for menneske som arbeider åleine og ønskjer at andre skal kunne vite kvar dei oppheld seg, i tilfelle det skulle skje noko. Men når eit slikt program er tilgjengeleg for alle, er det store sjansar for at det kan bli misbrukt. Eit døme kan vere sjalu ektefellar som kan bruke programmet til å overvåke ektefellen sin, eller menneske som vil avsløre finansløyndomar eller liknande.
Dei ovanfor nemnde momenta indikerer at mobiltelefoni, og sjølve mobiltelefonen som reiskap, i mellomenneskeleg kommunikasjon har hatt sterk innverknad på vår samfunnsutvikling. Det synast gjenspegla på individnivå og systemnivå. Mobiltelefonen har medverka til å løyse kommunikasjonsutfordringar som tidlegare var teknisk uhandterlege problem. Eitt element for vidare refleksjon er antydning om personleg binding mellom mobilbrukaren og mobiltelefonen som praktisk gjenstand. Antydningane om mobiltelefonen som ei forlenga del av menneskekroppen og telefonen som uttrykk for individet sin psykologiske identitet, kan meir omfattande underbyggast enn det eg har gjort ovanfor. Trass i alle mobiltelefonen sine praktiske fordelar ser eg det difor som ønskjeleg at vi menneske også gjennom vår høgteknologiske postmodernitet, skal kunne bygge og utvikle vår identitet på anna grunnlag enn overskrifta i dette essayet: Eg tastar, altså er eg.
Bastiansen, (2006), Det piper og synger over alt, Oslo: Norsk Telemuseum
Bastiansen, Dahl, (2001), Norsk Mediehistorie, Oslo: Universitetsforlaget
Lüders, Prøitz, Rasmussen, (2007), Personlige medier, Oslo: Gyldendal
Litteraturliste frå nett:
http://forum.kvinneguiden.no/index.php?showtopic=53865
publisert: 24.10.2003, lest: 14.11.0
http://www.vg.no/nyheter/innenriks/artikkel.php?artid=8975256
publisert :31.07.2001, lest 15.11.2008
http://www.vg.no/nyheter/innenriks/artikkel.php?artid=6639044:
Publisert:26.08.2002
Lest: 16.11.2008
http://www.mobilen.no/wip4/overvaakes/d.epl?id=7403
Oppdatert : 19.09.2006 10:21
Lest: 17.11.2008
Nesten ferdig med heimesida...
Madrugada - terningast 4